Staden der nye minne og vennskap blir til
Sommarleiren 2026 finn stad frå 29.juni - 3.juli på Sunnmøre folkehøgskule i Ulsteinvik!
Det er berre å halde av datoane. Informasjon om neste års kurs og instruktørar kjem fortløpande.
Medan du ventar kan du lese om årets leir, som også fann stad på Sunnmøre folkehøgskule.



Takk for denne gong, Sommarleiren!
Vi har skrive ei lita oppsummering av Sommarleir 2025. Den finn du her.
Årets Sommarleir...
… fann stad frå 29.juni til 3.juli på Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik. Det var kurs i mellom anna teater, folkedans og folkemusikk. Sommarleiren i Noregs Ungdomslag tek imot ungdom i alderen 13-26 år frå heile Noreg og vi håpar at nettopp du vil bli med.

Sommarleiren 2025 fekk støtte frå:
Besøk nettsiden til Møre og Romsdal fylkeskommune
Møre og Romsdal fylkeskommune.
Besøk nettsiden til Norsk Musikkråd
Norsk Musikkråd er eit samarbeidsnettverk og ein interesseorganisasjon for musikklivet i Noreg. Dei forvaltar mellom anna tilskotsordninga KOMP.
Besøk nettsiden til Norsk senter for folkemusikk og folkedans
Norsk senter for folkemusikk og folkedans er et ledende kompetansesenter for folkemusikk og folkedans, og vi arbeider for å fremme, verne, og videreføre norske folkemusikk- og folkedanstradisjoner. Tidlegare kjend som Rådet for folkemusikk og folkedans. Noregs Ungdomslag er med i representantskapet.
Besøk nettsiden til Studieforbundet kultur og tradisjon
Studieforbundet kultur og tradisjon er eit studieforbund for frivillige organisasjonar som driv opplæring i folkeleg kultur som husflid, handverk, folkedans, teater, kystkultur og lokalhistorie, med meir. Noregs Ungdomslag var ein av stiftarane av studieforbundet.