Instruktørane
Instruktørane og musikarane på Sommarleir er dyktige, engasjerte og erfarne folk som er glade for å få lære vekk av det dei kan til ivrige leirdeltakarar.
På denne sida kan du lese meir om instruktørane for Sommarleir 2026.

Instruktørane og musikarane på Sommarleir er dyktige, engasjerte og erfarne folk som er glade for å få lære vekk av det dei kan til ivrige leirdeltakarar.
På denne sida kan du lese meir om instruktørane for Sommarleir 2026.

Anna Liv Skjelten Gjendem er ein allsidig folkedansar- og musikar. Ho har utdanning innan folkemusikk og folkedans med ein master i Tradisjonskunst.
Ho har jobba som utøvande dansar og var frå 2013 dagleg leiar ved Stiftinga Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Dette er no ein del av Stiftinga Viti, der ho jobbar som konservator med ansvar for folkemusikkarkivet.
Anna er mykje brukt som instruktør, og har brei erfaring med å halde kurs og drive undervisning for barn, ungdom og vaksne. Ho er genuint oppteken av dansetradisjonane i heimfylket sitt, men har også inngåande kunnskap om folkedansen- og musikken elles.
Anna kjenner godt til NU, men dette er første gongen ho er instruktør på Sommarleir og ho gler seg veldig til å formidle dans på ein variert og morosam måte til deg.


Asbjørn Hagen er ein ung musikalartist og skodespelar frå Nordfjordeid. Han har utdanning frå Balettakademien i Göteborg og er ein erfaren instruktør og pedagog innan både song, teater og musikal.
Asbjørn har spelt i kjente musikalar som "Matilda", "Moulin Rouge" og "Annie" for å nemne nokon, og har jobba på scener i Noreg, Sverige, Danmark og Finland.
Han har erfaring med å undervise ungdom i mange ulike samanhengar, og dette er andre gong han er instruktør på Sommarleiren.
Asbjørn er ein kreativ og kunnskapsrik instruktør som gler seg veldig til å lære bort noko av det han kan til deg som melder deg på han sine kurs.
Skulle du kjenne igjen ansiktet hans, så kan det vere fordi han har spela i reklamefilm på TV.
Jawad Aziz er ein prisvinnande skodespelar, poet og instruktør med ein unik tilnærming til scenekunsten. På kort tid har han utmerkt seg i kunstfeltet med utdanning frå Nordic Black Xpress (2021-2023).
Han bur i Oslo og der held han kurs og workshops meir enn 50 gongar i året. Jawad er ein særs positiv og glad type, som på sitt eige vis tek med seg kursdeltakarane inn i oppgåvene på einengasjerande, sjarmerande og gøy måte.
Jawad har erfaring med å jobbe med både barn, ungdom og vaksne. Han har bakgrunn frå både poesi, beatboxing, elektrisk dans og billedkunst – ein allsidig fyr som skal få dele mykje av det han kan med deg som er på Sommarleir.


Helene Henriksen er tilsett i Norges Husflidslag si fagavdeling som Husflidskonsulent, og held til i Vestnes i Møre og Romsdal.
Helene brenn for den levande kulturarven; å ta vare på raudlista handverksteknikkar og vidareføring av dei utryddingstrua handverksteknikkane våre. Spesielt innanfor tekstil. I følgje Helene er husflid god medisin for mykje som feilar i verda i dag.
Ho har halde kurs i ei rekkje tekstilteknikkar i husflidsmiljøet. Ho har óg gått den modulbaserte bunadopplæringa, og arbeidd som bunadtilverkar i ein Husfliden-butikk. Det er ingen tvil om at Helene vil ha mykje kunnskap om både bunad, broderi og handverk å dele med deg.
Sørlendingen Nina Byttingsmyr er godt kjent med NU og Sommarleiren, og har vore både frivillig og instruktør på leiren før. I år skal ho vere med og halde dansekurs saman med Anna Gjendem.
Nina spelar fele og hardingfele, har studert folkemusikk, og har brei kunnskap til musikk- og dansetradisjonar frå heile landet. Ho har tidlegare studert i Volda og ser veldig fram til å vere nokre dagar på Sunnmøre igjen.
Nina jobbar som kulturskulelærar i Agder, er aktiv i det lokale folkemusikkmiljøet, spelar til konsert, både åleine og i band, i tillegg til at ho held kurs. Som musikar på dansekursa til Anna, vil Nina bidra med både godt humør og god førsteklasses musikk!


Til å halde nybyrjarkurs i linedance har vi fått med oss Trude Dalene. Ho kjem frå Ørsta og har dansa linedance i meir enn 20 år.
Ho driv Ørsta Linedanceklubb med over 80 medlemmar. Klubben vart starta opp i 2019 og har rekruttert mange deltakarar til ein populær aktivitet.
Trude har tidlegare delteke i NM i linedance, der ho også kan skilte med ein førsteplass. I år vann ho tittelen beste kvinnelege instruktør i Noreg. Ho har også fått to prisar for beste dansekoreografi.
Åsmund A. Farstad er musikar på fele og hardingfele med røter i den tradisjonelle musikken frå Nordvestlandet. Han kjem eigentleg frå Volda, som ikkje er så veldig langt unna Ulsteinvik, men bur for tida i Oslo.
I tillegg til å vere tradisjonell spelemann, er han aktiv i folkrocktrioen Kjeltring og gamaldansgruppa Farstad & Farstad, mellom anna. Han er litt "i vinden" for tida, og er difor ein ettertrakta musikar.
På Sommarleiren i 2025 var han med som musikar på folkedanskursa, men denne gongen skal han sjølv vere instruktør på spelkurs - og gler seg til det!
