Om leirstaden
Sommarleir 2026 finn stad på Sunnmøre folkehøgskule i Ulsteinvik, der vi også var i 2025.

Sommarleir 2026 finn stad på Sunnmøre folkehøgskule i Ulsteinvik, der vi også var i 2025.

Sunnmøre folkehøgskule er eit tidlegare hotell og skryt av at dei er ein av Noreg sine finaste folkehøgskular. Skulen ligg idyllisk til mellom Sunnmørsalpar, fjordar og hav. Månadsskiftet juni/juli seiast å vere den finaste tida på Sunnmøre når det gjelder vêret, så vi kryssar fingrane for varme og solrike dagar på Sunnmørskysten.
På leirstaden finn vi gode opphaldsrom, flotte kurslokale og internat med soverom med plass til to. Alt skal ligge til rette for at det blir kjekke dagar på Sommarleir i Ulsteinvik.
På nettsidene til folkehøgskulen går det an å ta seg ein virtuell omvisning i lokala. Er du nysgjerrig på korleis det ser ut der vi skal vere, kan du sjekke ut det her.
