Pris og påmelding
Småsporvpris (early bird)
Gjaldt fram til 1.februar 2026
NU-medlem: 2000,-
Ikkje-medlem: 2500,-
Ordinære prisar:
Pris medlem av NU:
NOK 2500,-
Pris ikkje-medlem:
NOK 3500,-
Kva er inkludert i prisen?
Vi ønskjer at Sommarleir skal vere så rimeleg som mogleg for våre deltakarar.
Difor subsidierer Noregs Ungdomslag ein stor del av kostnadane for kvar og ein. Vi håpar at støtte frå eksterne tilskotsgjevarar, i tillegg til eigne midlar, er med på å gjere deltaking mogleg for fleire.
Inkludert i prisen:
Overnatting
Måltid
Langkurs
Kortkurs
Utflukt
Alle aktivitetar
Ikkje inkludert i prisen
Reise til og frå leirstad
Utstyr ein treng til deltaking på kurs, slik som dansesko, eigna klede og instrument*
Eventuelle kioskvarer på leirstad
*Sjå kursskildring for dei kursa du har meldt deg på for informasjon om utstyr.

OM PÅMELDING
Bindande påmelding
Påmelding til Sommarleir er bindande og blir fakturert uansett oppmøte eller fråvær av oppmøte. Gjer avtale med foreldre eller føresette før du melder deg på.
Avmelding på grunn av sjukdom
Ta kontakt med forsikringsselskapet ditt (reiseforsikring) for refusjon av deltakaravgift ved avmelding grunna sjukdom. Jobb, ferie og endring av planar o.l. er normalt ikkje gyldige grunner for refusjon hos forsikringsselskapa.

