Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag

Reglar på leir

Vi vil at du og alle dei andre på Sommarleir skal kjenne dykk trygge. Difor har styret i Noregs Ungdomslag vedtatt køyrereglar og retningsliner som gjelder på leiren. I tillegg har organisasjonen vedtatt etiske retningsliner som gjelder for alle arrangement i NU. Dei vaksne som er på leiren følgjer ein beredskapsplan som seier noko om kva vi skal gjere viss det skjer noko. Du som deltakar har ansvar for å følgje køyrereglane for Sommarleir, og det kan vere lurt å lese desse før du kjem på leiren.

Reglar på Sommarleir

  1. Sommarleir er eit rusfritt arrangement. Brot på denne regelen vil føre til heimsending på eiga rekning.
  2. Det er ikkje tillatt med energidrikke på Sommarleir i Noregs Ungdomslag.
  3. Dersom brannalarmen går skal alle gå ut av bygget dei er i, og møtest på parkeringa utanfor Sporty Ulstein. Her skal alle stå, medan vi teknamneopprop.
  4. Dersom du vil gå til butikken, sei ifrå til ein i administrasjonen når du går og når du kjem attende. Det er ikkje lov til å gå aleine - de må gå minst to og to saman. Leiradministrasjonen skal til ei kvar tid vite kor deltakarane er.
  5. Søppel er alle sitt ansvar, og alle ryddar opp etter seg. Vi skal forlate skulen like fin og ryddig som han var då vi kom.
  6. Dei eldre leirdeltakarane er førebilete for dei yngste deltakarane. Ver eit godt førebilete! =)
  7. Respekter dei andre sine grenser for "kos og klem."
  8. Tulling og erting er berre morosamt dersom begge partar synest det er gøy. Sei ifrå om noko eller nokon plagar deg.
  9. Alle har ansvar for å møte i tide til alle aktivitetar.
  10. Det skal vere ro om natta og leggetid for alle er kl.23.30. Det er mykje å gjere på dagtid og søvn er viktig!
  11. Dei vaksne på leir er her for dykk, og du kan komme til oss med store og små saker. Har du heimlengsel, er småsjuk, forelska, sint, frustrert eller superglad? Du kan komme til oss om alt!
  12. Du har sjølv ansvar for dine eigne ting: bagasje, verdisaker, instrument o.l.
Bilete av ei jente som hoppar, og to gutar som ser på
Sommarleiren 2012. Foto: Noregs Ungdomslag

Køyrereglar

Køyrereglane seier kva slags miljø vi vil ha på Sommarleir i Noregs Ungdomslag, og alle som er til stades under leiren har eit ansvar for å sjå til at leiren er ein fin plass for alle å vere.

Sommarleir i Noregs Ungdomslag skal vere ei trygg, inkluderande og positiv tilskiping!

Rammene for Sommarleir bygger på Noregs Ungdomslag sine fire prinsipp, og skal vere frilynt samfunnsengasjert, formidle folkeleg kultur og ha ein trygg og inkluderande samværskultur.

1. Inkludering

Alle er like velkomne på leir og som gode frilyndte menneskje skal vi sørgje for at alle blir inkludert i fellesskapet. Under leir vil det vere eit mangfald av meiningar, erfaringar, føresetnadar og kulturar. Noregs Ungdomslag ønskjer at alle skal kjenne seg møtt med forståing og positiv haldning.

2. Respekt for andre

Alle skal bli møtt med respekt. Som frilyndt er du raus, fordomsfri og viser respekt for alle menneske, uavhengig av alder, kjønn, seksuell legning, etnisk tilhøyrsel, bakgrunn, interesser, fysiske/psykiske føresetnader eller politisk ståstad. Ein skal respektere andre sine eigendelar, behov og ønskje, så framt desse ikkje er i strid med reglar, prinsipp og rammer. Noregs Ungdomslag tek avstand frå all form for diskriminering og trakassering.

3. Trygg

Alle skal kjenne seg trygge på leir og ein skal respektere kvarandre sine grenser. Leiren er ein stad for trygg, god og rusfri samværskultur. Bruk av rusmiddel, seksuell trakassering, overgrep, vald og utagerande åtferd aksepterast ikkje! Dette gjeld uavhengig av alder og på alle arenaer og rom, både før, under og etter leiren.

Viss du sjølv opplever eller er vitne til hendingar og oppførsel som strider imot våre prinsipp og køyrereglar, kontakt leirsjef eller hovudansvarleg for leir.

Retningslinjer

Retningslinene for Sommarleir fortel oss kva vi skal gjere viss nokon bryt med køyrereglane. Det vil altså kunne få konsekvensar for deg som deltakar viss du gjer noko som bryt med reglar, ikkje viser respekt for andre eller andre sin eigendom, for tid og aktivitetar, eller på anna måte bryt med reglane. I verste konsekvens kan ein deltakar bli sendt heim for eiga rekning.

Retningslinjer for Sommarleir finn du her.

Bilete av ein stor gjeng med ungdommar i blå t-skjorter
Foto: Noregs Ungdomslag