Reise til og frå
Kjem du på sykkel, ror du eller blir du køyrd heilt fram til inngangsdøra?
Kanskje fly eller buss er beste alternativ for deg?
Vi har samla nokre råd for korleis du kan kome deg til og frå Sommarleiren, men det kan hende det finst fleire alternativ også.
Merk: Planlegg å reise til Ulsteinvik og heimreise frå Ålesund/Vigra.

Med fly
Fly kan vere eit alternativ for mange.
Nærmaste flyplass når du reiser til og frå Sommarleir er Ørsta-Volda lufthamn - Hovden i Hovdebygda. Det er mogleg å reise vidare til Ulsteinvik med buss frå flyplassen eller frå haldeplass i nærleiken.
Eit alternativ er å fly til Ålesund lufthamn, Vigra. Då må du reise med buss vidare derifrå.
Fellestransport frå og til Ørsta-Volda lufthamn
Vi har moglegheit til å tilby skyss med buss frå og til Ørsta-Volda lufthamn på ankomst og avreise-dagane. Dette kostar kr.100,- per person, per veg. Du bestiller bussbillett når du melder deg på.
Tidspunkt for buss frå flyplassen blir kl.15.00 måndag 29.juni.
Tilbakereise er kl.15.00 frå leirstaden.
PS: Vi justerer tidspunkta viss fly er forseinka. Eigen informasjon blir sendt ut til alle som kjøper seg bussreise.


Med bil
Bur du i nærleiken av leirstaden, kan bil vere enklaste reiseveg.
Adressen til leirstaden er Sunnmøre folkehøgskule, Varleitevegen 7, 6065 Ulsteinvik.
Avhengig av kvar du reiser ifrå, kan du bli nøydd til å ta ferge. Det er difor viktig å sjekke fergetidene. Det kan du gjere på sidene til Fjord 1 eller Fram.
Kjem du nordfrå, er det ferje frå Sulesund til Hareid som gjelder. Kjem du sørfrå er det ferje mellom Koparnes og Årvika. Viss du er på lengre bilreise, kan det hende du må gjennom fleire overfartar med ferje.
Køyrer du frå aust via Volda-traktene, køyrer du Eiksundtunellen.
Buss og tog
Buss kan vere ein fin måte å reise til leir på. Nærmaste busstopp til Sunnmøre folkehøgskule er Nedre Varleite (5 min å gå) eller Ulstein vgs. (9 min å gå). Her finn du ei oversikt over korleis du kan kome deg til desse haldeplassane frå ulike stader.
Nokre bussar stoppar ikkje i nærleiken av folkehøgskulen. Vi organiserer henting frå Ulsteinvik skyssatsjon. Gi beskjed om dette i påmeldingsskjemaet.
Oversikt over bussar til Ulsteinvik og heim frå Ålesund, kan du finne på Fram Møre og Romsdal sine sider. For lengre bussruter kan du undersøke Omio eller Entur.
Det går ikkje tog på Sunnmøre, men det kan likevel hende det er aktuelt for deg å ta tog delar av strekka på veg til Sommarleir. Viss det er tilfelle, er det kanskje tog til Dombås og vidare til Åndalsnes som er mest relevant. Du finn informasjon om togreiser på Vy sine nettsider. Det kan også vere lurt å sjekke ut reisealternativ på Entur.no.
Det kan godt vere det finst fleire alternativ enn dei vi har informert om. Det lønner seg å bruke litt tid på å finne beste reiserute for deg. Har du spørsmål, kan du ta kontakt.
NB: Hugs at vi avsluttar leiren med utflukt til Ålesundsområdet og at heimreise blir derifrå. Skal du reise heim med buss er det lurt å sjekke tider frå Ålesund skysstasjon eller Moa.


Reisestøtte
Noregs Ungdomslag har avgjort å dekke delar av reisekostnaden til deltakarar som har reisekostnader over 1000 kroner etter fråtrekk for reisestøtte frå fylkeslag eller lokallag. Du som har hatt reisekostnader over 1000 kroner kan få støtte på 600 kroner om du sender inn søknadsskjema innan fristen. Vi har nokre enkle krav som må vere oppfylt:
- Du må vere medlem i Noregs Ungdomslag
- Du må ha reisekostnader over 1000 kroner
Vi treng å vite kva reisekostnader du har hatt, og kopi av kvitteringar. Fyll ut søknadsskjemaet og send oss dette innan 1.august 2026. Vi vil betale ut reisestøtte til dei som kvalifiserer til dette så snart som mogleg etter fristen.
