Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag

Utflukt

Ein fast post på programmet for Sommarleir er å dra på utflukt til ein stad i nærleiken av der leiren er. I år går utflukten til fugleøya Runde.

Det er alltid kjekt å oppleve nye stader og aktivitetar i lag, og det er fint å runde av leiren med felles opplevingar etter fleire dagar med kurs.

Tidlegare har vi besøkt mellom anna Stiklestad, Saltstraumen, vore på båttur utanfor Bergen og nedi gruvene i Kongsberg.

Fugleøya Runde

I år dreg vi på utflukt til Runde ytterst i havgapet på Sunnmøre. Øya er den sørlegaste fugleøya i Noreg og er mellom anna kjent for flokkane av Lundefugl.

Vi dreg til Runde tysdag morgon og blir der store delar av dagen før vi dreg tilbake til leirstaden for middag, kurs og sosiale aktivitetar. Under utflukten skal de få vere med på “Runde Challenge i fjøra” - eit opplegg inspirert av 71°Nord i tillegg til ein tur opp på fjellet, samt omvising i og rundt miljøsenteret på Runde. Det kjem til å bli ei fantastisk oppleving tett på sjøen!

Ha på/ta med:

  • Gode sko. Joggesko er godt nok, men skulle du ha plass i kofferten til andre sko og vërmeldinga melder regn, så kan du også ta med deg det.
  • Klede til å bevege deg i.
  • Jakke som kan tåle litt vind eller regn.
  • Ekstra par sokkar i tilfelle du blir våt på føtene.

Kjentfolk seier at månadsskiftet juni/juli er den finaste tida på Sunnmøre med tanke på vêret, men det finst ingen garanti for at det blir sol og opplett. Sjekk gjerne vêrmeldinga før du pakkar kofferten.

Ein gjeng ungdommar løper over et ope jorde.
På besøk til Stiklestad under Sommarleir i 2019. Foto: Noregs Ungdomslag