Første og siste dag
Sommarleir består av tre fulle dagar med kurs og sosiale aktivitetar, men vi vil at du skal kome dagen før kursa startar slik at du rekker å bli kjent med andre deltakarar.

Sommarleir består av tre fulle dagar med kurs og sosiale aktivitetar, men vi vil at du skal kome dagen før kursa startar slik at du rekker å bli kjent med andre deltakarar.

Det første som skjer når du kjem til leir, er at du blir registrert og får vist kor du skal sove.
Vårt viktigaste mål for første dag på leir er at alle skal kjenne seg velkomne, finne seg til rette og bli trygg i gruppa. Nokre har kanskje vore på leir tidlegare og kjenner andre, medan andre ikkje kjenner nokon. Vi vil at alle skal ha det kjekt i lag, og vi er opptekne av å ta vare på kvarandre.
Vi startar med program frå kl.16.30 måndag 29.juni. Du kan gjerne kome frå og med kl.14.00 viss det passar best med reisa di slik, men bli kjent-aktivitetane og felles opplegg begynnar ikkje før enn på ettermiddagen.
Kl.18.00 er det middag første dagen. Kjem du tidlegare så ordnar vi med enkel mat. I påmeldingsskjemaet for leiren ber vi deg om å melde ifrå om kva tid du planlegg å kome. Dette for at vi skal ha best mogleg oversikt over når alle kjem.
Det vil alltid vere vaksne, ansvarlege til stades som kan hjelpe deg med å finne fram og svare på spørsmål du måtte ha.
Har du tankar eller spørsmål rundt det sosiale før du kjem på leiren, så ta gjerne kontakt med oss.
Leiren finn stad på Sunnmøre folkehøgskule i Ulsteinvik, og det er fleire måtar å kome seg dit på. Du finn meir informasjon om reise til og frå her.


I år vil vi avslutte med lunsj på leirsdagen fredag 3.juli. Vi skal sørge for at alle for god nok tid til å gi kvarandre klemmar, utveksle telefonnummer og takke for ein fin leir.
For dei som har sein reise heim, vil det vere tilbod om å vere i lag med ein av leirsjefane fram til reisa, viss ønske om det.