Vil du ha eit lite avbrekk frå dei meir fysisk krevjande kursa, eller ønskjer du å fylle alle dagane med mest mogleg handverk?
På Sommarleir tilbyr vi tre kortkurs i handverk:
Spikking
Har du lyst til å lage noko og lære korleis du kan halde spikkekniven på rett måte? Spelinstruktør Åsmund er ikkje berre musikalsk, han er også god på handverk. Er vêret godt, vil han ta deg med ut i frisk luft, finne fram knivar og spikkeemne og vise deg grunnleggande teknikkar i spikking. Om du blir ferdig med å lage noko under kurset, er ikkje så farleg, for du kan alltids gjere det ferdig etterpå. Kva vil du lage?
Origami
Origami er kunsten å brette papir om til ein blome, ei trane, ein boks eller eit papirfly. Har du lyst til å lære deg å brette eitt og anna av fargerikt papir, så bør du bli med på dette kurset. Kan hende også du har nokre bretteferdigheiter du kan dele med dei andre på kurset?
Geriljabroderi
Geriljabroderi er ein kreativ måte du kan formidle eit standpunkt, slå ein vits eller vere litt på kanten, om du vil. Du har kanskje vore borti det før?
Med nål, tråd og stramei kan du leite fram kreativiteten din og brodere eit lite bilde eller ein lapp som du kan henge opp eller sy fast på jakka di. Lene er veldig glad i å brodere sjølv, og lærer villig vekk korleis du kan skrive med korssting.
Lag ditt eiget handlenett av mormors gamle gardiner
Gjenbruk, ombruk og omsaum er i vinden som aldri før. Kan hende mormor har eit par gamle gardiner som aldri blir hengt opp igjen, eller kva med den øydelagde buksa di?
På dette kurset får du 2,5 timar til å sy ditt eige handlenett. Etter kurset kan du gå strake vegen til matbutikken og fylle det opp med snacks og godteri.